Jotunheimen Rundt blir en del av Styrkeprøven

PRESSEMELDING

Sogn Cykleklubb som arrangerer sykkelritta Jotunheimen Rundt og Sognefjellrittet har inngått samarbeid med Styrkeprøven AS. Dette blir gjort for å sikre at desse populære ritta blir vidareført.

_80B6694-nett1

Publisert:
Sist oppdatert:

Jotunheimen Rundt er eit sykkelritt som vart etablert i 1991 og har blitt gjennomført 28 gonger. Rittet startar i Lærdal, går over Filefjell, Valdresflya og Sognefjellet og har målgang i Sogndal etter 430 km og 4600 høgdemeter. Sognefjellrittet har start i Lom og målgang i Sogndal etter 137 km. Sognefjellrittet vart etablert i 1999 og har blitt gjennomført 20 gonger.

JR-SR

Sogn Cykleklubb vart etablert i 1990 og er ein klubb med om lag 140 medlemer. Klubben har medlemer frå mange kommunar i Sogn, men hovudbasen for klubben er Sogndal.

Styrkeprøven AS er eigd av 9 sykkelklubbar og er eit non-profit føretak. Styrkeprøven AS arrangerer per i dag sykkelritta Trondheim – Oslo, Kvam – Oslo, Lillehammer – Oslo, Gjøvik – Oslo, Eidsvoll - Oslo, Oslo – Lærdal og Oslo – Mysen.

Avtalen mellom Sogn Cykleklubb og Styrkeprøven AS vil gjelde frå 2020 og i fem år pluss ein opsjon til Styrkeprøven på lenging med fem nye år. Avtalen inneber at Styrkeprøven AS tar hovudansvaret for gjennomføring av rittet, medan Sogn Cykleklubb bidrar med vakter, servicefolk og andre etter nærare avtale. Alle dagens samarbeidspartnarar til Jotunheimen Rundt og Sognefjellrittet vil ha førsterett til å vere med også i fortsettinga. Dette gjeld til dømes alle lag som har ansvar for matstasjonane.

Det er viktig for både Sogn Cykleklubb og Styrkeprøven AS at sykkelritta blir vidareført med god kvalitet og i all hovudsak etter same lest som tidlegare. Syklistane skal få gode og sterke opplevingar når dei deltek i desse ritta.

Årsaka til at Sogn Cykleklubb etablerer dette samarbeidet, er at vi i dag er ein liten klubb som er sterkt avhengig av nokre få nøkkelpersonar for å gjennomføre dei to ritta. Samarbeidet vil gje oss ein heilt anna styrke til gjennomføring og sikring av at sykkelritta Jotunheimen Rundt og Sognefjellrittet blir vidareført i mange år til glede for alle i Norge med hjerte for sykkelsporten.

Spørsmål til avtalen kan rettast til: 

Stig Vattekar (leiar Sogn Cykleklubb) - mobil 971 89 995
Håkon Nesse (rittleiar) – mobil 992 05 044

Sogn CK

Morten Mørk (dagleg leiar Styrkeprøven AS) – mobil 976 84 097

Styrkeprøven (logo)